Viser innlegg med etiketten familieliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten familieliv. Vis alle innlegg

mandag 21. januar 2013

Mandag igjen

Helga er atter over. Skjønner ikkje kvifor helgene alltid skal gå så fort. Men det er vel fordi man koser seg litt ekstra når alle er samla og har fri.

 
 

 

 

 
Etter at vi flytta heim igjen til Hardanger, har me savna nettverket me hadde i Trondheim. For å gjere noke med det har eg tatt kontakt med eit anna par som nett har flytta heimatt og er i samme situasjon som oss. Ungene våre er omtrent like gamle. Lørdagskvelden var dei her på besøk. Kjempekoselig og frista absolutt til gjentakelse. Koste oss med ost og kjeks.
 
På dagen i går rydda me rundt nyhuset. Laga bål og fikk brent masse som låg og slang rundt veggene og i carporten. Greit når det ser litt ryddig og fint ut der. På dagen i går rydda me rundt nyhuset. Laga bål og fikk brent masse som låg og slang rundt veggene og i carporten. Greit når det ser litt ryddig og fint ut der. På ettermiddagen var me på nydelig pinnekjøttmiddag hos lillebror med familie. Fekk jo nesten julestemning igjen. Eg laga karamellpudding som me hadde til dessert.
 
For å toppe helga fekk me sove til klokka ti i dag. Då måtte eg vekke ungene som hadde sovna igjen etter ein liten oppvåkning i åttetida. Himmelsk start på ei ny veke.
 
Fin mandag mine fine!
 
 


torsdag 17. januar 2013

Telt i stova

Når ein skal underholde to små dag etter dag, må ein finne på litt kreative løysingar. I dag har me laga telt i stova.
 
 
Eit stort stretchlaken over bordet gjer nytten som teltduk. Kan jo late som om det er ein fin kvit duk. Hehe.

 
Med litt pynt på teltet ser det ikkje så ille ut. Nokon interiørperle kan det vel ikkje akkurat kallast. Men kva gjer ein ikkje for sine håpefulle små. Og for å få litt fred og ro til å blogge og kikke innom alle fine blogger.

 
Teltturistene som heldigvis leiker seg ganske bra sammen. Sjølv om lillesnuppa stadig vekk ødelegger for storesnuppa.
 
Blogger fra ny data i dag. For ein herlig følelse å sleppe å ha ein kokende varm data på fanget. Og for ein endring i hastighet. Fantastisk!
 
Fin torsdag alle mine fine!
 

søndag 13. januar 2013

Heimeværende mamma

Har i det siste kjent litt på korleis folk oppfatter ei heimeverande mamma. Eg har tatt litt ekstra permisjon og er heime med begge snuppene. Som oftast er det vel så mykje arbeid som om eg hadde vore ute i jobb og hatt ungene i barnehage. Men eg føler ikkje alltid at det vert verdsett av andre. Å, er du berre heime?? Berre er egentlig eit heilt feil ord syns eg. Med to små som skal følge rutinene sine, er det ikkje mykje tid for seg sjølv ein klarer å lure inn. Fram til no har den minste hatt to kviler, mens den eldste har ein. For å få dette til å gå opp var den eine som oftast våken og krevde sitt av mamma. I tillegg skal huset holdes i orden, middagen skal på bordet og man skal være opplagt til å være kjæreste i tillegg. Føler ikkje at eg strekk til på alle områder, og det er ein vond følelse. Når me i tillegg bygger hus må det berre skjære seg no og då. Det gledes til huset er ferdig og innflyttingsklart.


(foto Google)


Sjølv om det er fritt og godt å vere heime med ungene, skal eg ikkje legge skjul på at eg gleder meg litt til å begynne i jobb. Ikkje minst den sosiale biten av arbeidslivet. Blir litt einsomt å gå heime kvar dag. Me har jo flytta til heimplassen min, men venner eg hadde her bur ikkje her lenger. Og det er ikkje alltid like enkelt å skaffe seg eit heilt nytt nettverk. Jobber litt med saken no, og skal prøve å verte flinkere til å være sosial.

Dagens lille klageinnlegg fra ei sliten mamma som berre er heime. Hører gjerne andre sine opplevelser av det samme.

E det fleire som sliter med å få lasta opp bilder på bloggen?? Får ikkje lasta opp bilder fra maskina. Derfor eit lånt husmorbilde i dag.

Fin søndag alle sammen!

 


 
 
 



lørdag 17. november 2012

Sofatjeneste

 
 
Da har lørdagsroen senket seg her i huset. Begge snuppene er i seng, og det blir sofatjeneste resten av kvelden. Med en corona til mor, fordi hun fortjener det.
 
 
Fin lørdagskveld fine folk!
 

søndag 4. november 2012

Tidlig ein søndagsmorgen

 
Med små unger i huset, må man ofte opp tidlig i helgene og. Men her i huset betyr heldigvis tidlig etter sju, og ikkje fem eller seks.Det vil sei at me har ein morgenamming klokka fem, men så sover lillesnuppa til mellom sju og åtte og  kan ligge i senga vår ein time og leike seg før vi står opp. Storesnuppa har eit veldig godt sovehjerte og sover gjerne til ni, halv ti. Litt bortskjemte vil vel mange sei. Men akk så godt å få sove litt.
 
I går hadde me heile familien på fårikål, og i dag skal me til lillebror med familie og ete pinnekjøtt. Namnam. Pinnekjøtt er ein middagsfavoritt for meg.
 
Den gule boka på bildet er ei oppbevaringsbok fra House Doctor. Her har alle fjernkontrollene flytta inn.
 
Ein fin søndag til alle der ute!


tirsdag 24. april 2012

Rydder til dåp


Her går det i rydding i alle ledige stunder. Må prøve å få huset sånn nogenlunde til det kommer dåpsgjester til helga. Men litt rot må dei berre tåle. Umulig å holde orden på alle leikene til storesnuppa på så liten plass. Er nærmeste slekta til mannen som kommer og skal overnatte her. Slekta mi skal sove hos mamma og pappa. Greit å få unna litt oppgaver før det blir altfor nærme helg. Da skal vi jo lage mat, dessert og kaker.



Ellers er gravemaskinmannen tilbake etter sjukdom, og er i full gang med å skyte dei siste salvene på tomta. Veldig godt å sjå aktivitet der oppe. Såg litt mørkt ut når han var vekke i to veker. Men planen er oppstart for snekkerene den 16.juli. Det skal bli så godt å sjå at huset begynner å ta form.

Finfin tirsdag til deg!




mandag 23. april 2012

Mine to skatter ♥

Ikkje alltid ein tar seg tid til å tenke over kor heldig ein er, i ein travel kvardag med to små jenter heime. Men tenk å få to så fine skatter, som er så snille og greie med mammaen og pappaen sin. Dei kom tett, og får nok masse glede av kvarandre etterkvart. Klart det er litt slitsomt no og da med to små, men dei gir jo så masse tilbake. Det er verdt slitet på alle måter. Greit å tenke over på dager der ein er så sliten at alt går på autopilot.

Først kom storesnuppa i juni 2010. Tenk at ho snart fyller 2 år. Tia har gått kjempefort.Ho er ei kjempesnill storesøster til lillesnuppa.



Så kom lillesnuppa i januar 2012. Ho har blitt over 3 mnd og er ei snill og grei jente.



Heldige meg som har to så fine skatter.

Ønsker alle ei kjempefin veke.



tirsdag 20. mars 2012

Venter og venter

på dei som skal sprenge og ordne vei.....

Vi venter i spenning på at det skal komme gravemaskin til oss. Har venta ei god stund no, og skjønt at det ikkje alltid skjer når det blir sagt at det skal skje. I siste samtale med entreprenøren, sa han at dei skulle komme med maskin i dag. Og vi venter og venter.


Oppi all ventingen har lillesnuppa allerede blitt 10 veker. Tia flyg no i starten. Selma er ei snill og god jente. Ho sover godt både dag og natt. I natt sov ho uten mat fra kl 22.00 til 05.30. Absolutt bortskjemt når det kommer til søvn. Og det er herlig.

I dag tidlig var det kvitt ute, men mange plussgrader har heldigvis smelta vekk all snøen her. Vil ha skikkelig vår no. Med fine solskinnsdager.

Fin tirsdag alle sammen!

lørdag 11. februar 2012

Ferien i boks

og turen går til Naxos i september...


Vi er invitert i bryllup til et vennepar, og de skal gifte seg på Naxos. Perfekt å slå det sammen med en 14 dagers ferie her på denne stranda.

I dag er flybillettene bestillt, og overnatting er i orden. De har ordnet et spesialtilbud til bryllupsgjestene for overnatting på en camping med leiligheter like ved stranda. Det gledes til ferie!


Blir ikkje feil å være her i 14 dager. Snuppene kommer nok til å storkose seg i sanden. Og det gjør nok mamma og.

God helg folkens!