mandag 21. januar 2013

Mandag igjen

Helga er atter over. Skjønner ikkje kvifor helgene alltid skal gå så fort. Men det er vel fordi man koser seg litt ekstra når alle er samla og har fri.

 
 

 

 

 
Etter at vi flytta heim igjen til Hardanger, har me savna nettverket me hadde i Trondheim. For å gjere noke med det har eg tatt kontakt med eit anna par som nett har flytta heimatt og er i samme situasjon som oss. Ungene våre er omtrent like gamle. Lørdagskvelden var dei her på besøk. Kjempekoselig og frista absolutt til gjentakelse. Koste oss med ost og kjeks.
 
På dagen i går rydda me rundt nyhuset. Laga bål og fikk brent masse som låg og slang rundt veggene og i carporten. Greit når det ser litt ryddig og fint ut der. På dagen i går rydda me rundt nyhuset. Laga bål og fikk brent masse som låg og slang rundt veggene og i carporten. Greit når det ser litt ryddig og fint ut der. På ettermiddagen var me på nydelig pinnekjøttmiddag hos lillebror med familie. Fekk jo nesten julestemning igjen. Eg laga karamellpudding som me hadde til dessert.
 
For å toppe helga fekk me sove til klokka ti i dag. Då måtte eg vekke ungene som hadde sovna igjen etter ein liten oppvåkning i åttetida. Himmelsk start på ei ny veke.
 
Fin mandag mine fine!
 
 


1 kommentar:

  1. Tiden flyr når man har det kjekt:) Ser ut som dere har hatt mye gøy å finne på:) Ha en fin uke!
    klem

    SvarSlett