søndag 2. februar 2014

Den store lerkejakten


I dag bestemte eg meg for å dra ut i skogen for å finne lerkegreiner. Med hagesaks i lomma og håp om å finne eit svært og fint lerketre dro eg i vei. Men den første plassen eg leita var det umulig å finne ei eineste grein med kongler på uten ein 3 meter høg stige. Kjørte videre til et anna skogsområde.  Der  klatra eg opp ein bratt skråning,med masse glatte tømmerstokker og snø. Ofra meg skikkelig. Holdt på å gå på snørra fleire ganger og tråkka ut av skoen ein gang. Men der oppe låg det mange greiner med masse kongler.  O lykke- søndagen redda. Ein pose med lerkegreiner og ein pose med gåsunger blei med heim. 



Søndagsmiddag hos mamma i dag. 
Så bare avslapping før vi skal dit.

God søndag alle sammen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar